Søkje erstatning på vegner av pasienten - fullmakt

Normalt er det den som har fått ein pasientskade som søkjer erstatning. I nokre tilfelle ynskjer pasientane at andre søkjer for dei.

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2020

Pasientar som har fått ein pasientskade søkjer vanlegvis sjølv erstatning i NPE.

For at pasientar skal kunne søkje erstatning hjå oss, må dei vere i stand til å gi samtykke til at vi innhentar opplysingar og utgreier saka, såkalla samtykkekompetent. Om dei ikkje er samtykkekompetente, må det oppnemnast ei verje, sjå www.vergemål.no. Verja må då fylle ut søknadsskjemaet.

Erstatningssøkjaren ynskjer å bruke fullmektig

Erstatningssøkjaren må skrive under ei fullmakt som gir ein annan person rett til å føre saka hos oss. Dette kan til dømes vere familie eller nære vener. Fullmektig kan då skrive under på søknadsskjemaet. I tillegg til fullmakta må vi ha kopi av godkjend legitimasjon frå erstatningssøkjar; som pass, førarkort eller bankkort med personnummer.

Meir om fullmakt

Erstatningssøkjaren ynskjer å bruke advokat

Advokaten skriv under søknadsskjemaet. Erstatningssøkjaren treng ikkje å gi eiga fullmakt, fordi advokaten har fullmakt til å representere erstatningssøkjaren i kraft av tittelen sin.

Erstatningssøkjaren kan ikkje skrive under på søknadsskjemaet

I nokre saker er det slik at det reint fysisk ikkje er mogleg for erstatningssøkjaren å skrive under på søknadsskjemaet, til dømes ved lammingar, amputasjonar, etter slag eller liknande.

I slike saker må vi få ei formell legeerklæring, helst frå behandlingsstad eller fastlege, som skildrar situasjonen og kvifor erstatningssøkjaren sjølv ikkje kan skrive under. Erklæringa må seie kven som skal representere erstatningssøkjaren i saka.

Erstatningssøkjaren er mindreårig

Når erstatningssøkjaren er eit mindreårig barn, vil foreldra som har foreldreansvar vere verje for barnet. Dei vil då kunne søkje erstatning på vegner av barnet.

Dersom foreldra ikkje har foreldreansvar eller er døde, vil ei anna verje vere peikt ut. Vi må då ha prov på at den som melder saka er peikt ut som verje for barnet.

Ved dødsfall

Døyr ein pasient medan saka er under behandling, kan arvingane velje å halde fram saka for å få dekt eigne utgifter knytte til dødsfallet. Dette kan til dømes vere utgifter til gravferd.

Det er òg mogleg å søkje erstatning for tap av forsørgjar.

Er pasienten død, må den som søkjer erstatning leggje ved kopi av skifteattest eller annan dokumentasjon som viser kven som har rett til arv etter pasienten.