Kort om erstatningssaker – Borreliose

Sesongen for flått er i gang, og med det kjem risikoen for flåttborne sjukdomar. I NPE behandlar vi innimellom erstatningssaker om forseinka diagnostisering av Borreliose, eller feilbehandling av flåttbit.

Skriv ut Bokmål | English | 1. juni 2022

I løpet av dei siste 20 åra, har NPE fatta 180 vedtak i saker der erstatningssøkjar har fått påvist eller mistenkjer at dei har Borreliose. Det er ein sjukdom som skuldast at Borrelia-bakteriar blir overførte til menneske gjennom eit flåttbit, og kan gi infeksjon. Bakteriane er følsame for antibiotika, og symptom på eller mistanke om Borreliose blir difor ofte behandla med ein antibiotikakur.

Kva erstatningssøkjarane meiner

I dei fleste sakene handlar krava om at erstatningssøkjar meiner diagnosen burde vore stilt tidlegare, eller at pasienten aldri blei diagnostisert rett. I fleire av sakene er det nemleg ikkje blitt påvist Borreliose eller flåttbit, men erstatningssøkjar har ein mistanke om sjukdomen.

I erstatningssakene hjå NPE der pasientane har fått påvist Borreliose, meiner mange av søkjarane at svikt ved antibiotikabehandlinga har ført til ein skade og/eller økonomisk tap. Andre meiner at undersøkingane i samband med eit mogleg flåttbit ikkje var gode nok, og at det har ført til forseinka behandling.

Vurderingane våre av sakene

I 26 av alle Borreliose-sakene gav vi medhald i kravet til erstatningssøkjarane. I over to tredelar av desse sakene gav vi medhald for forseinka diagnostisering av sjukdomen, medan vi i sju saker gav medhald i at det hadde skjedd ein svikt i behandlinga av bitet eller sjukdomen.

Vi avslo kravet om erstatning i 154 saker. I 107 saker fann vi at det ikkje hadde vore svikt i diagnostiseringa av ein eventuell borreliainfeksjon, og i 15 av sakene meinte vi at det ikkje var svikt i behandlinga som blei gitt. I 32 saker konkluderte vi med at det ikkje var samanheng mellom det økonomiske tapet eller skaden, og Borreliose-sjukdomen.

Har du fått ein skade på grunn av svikt i behandling eller diagnostikk?

Om du ynskjer å søkje erstatning for følgjer av det du meiner er ein feil i eit behandlingsforløp, kan du lese meir om dette her og i denne sjekken kan du sjå om du kan ha rett til erstatning.