Risikoklasser for legar
Legar er delt inn i fire ulike risikoklasser. Her kan du lese meir om dei ulike klassene og kva typar legar som skal registrerast i kva klasse.
Tilskot til NPE må betalast basert på kva kompetanse helsepersonellet har, og ikkje på kva helsespersonellet gjer. Ved utrekning av kva du skal betale til NPE, så er det den totale arbeidstida du skal bruke.
Du kan lese meir om dette på sida med prisar, som du finn lenke til i lenkeboksen.
Jobbar du innanfor fleire riskoklasser, skal heile årsverkstorleiken registrerast i helsepersonellklassen med høgast risiko. Helsepersonell som har fleire spesialistgodkjenningar, og som er usikre på om dei er registrerte i rett risikoklasse, må kontakta oss. Det er berre NPE som kan registrera endringar av risikoklasse. Dette kan til dømes gjelda tannlegar som også har spesialistgodkjenning som lege.
Kirurgar risikoklasse 9a
I denne risikoklassen registrerer vi:
- generellkirurgar
- ortopedar
- nevrokirurgar
- gastrokirurgar
- plastikkirurgar
- maxillofacial kirurgi (kjevekirurgar)
- barnekirurgar
- bryst- og endokrinkirurgar
- karkirurgar
- thoraxkirurgar
- urologar
Augespesialistar risikoklasse 9
I denne risikoklassen registrerer vi både dei som opererer/driv med laser, og dei som ikkje gjer det.
Andre legespesialistar risikoklasse 7
I denne risikoklassen registrerer vi alle legar med spesialistutdanning som ikkje fell inn under kirurgar eller augespesialistar, inkludert spesialistar i allmennmedisin.
Andre legar risikoklasse 6
I denne risikoklassen registrerer vi alle legar som ikkje har nokon spesialistutdanning.