Tre kvinner om biverknadene dei fekk erstatning for

Krav om erstatning for biverknader etter å ha teke koronavaksine er meir enn dobla frå 2021 til 2022. – Eg hadde kraftige menstruasjonsblødingar i eitt år, seier Ida Austgulen. Ho er ei av 159 kvinner som har søkt om erstatning for menstruasjonsforstyrringar.

Skriv ut Bokmål | English | 30. januar 2023

Plager med menstruasjonsforstyrringar fekk spesielt mykje merksemd på slutten av fjoråret. Det førte til ein straum av erstatningskrav til Norsk pasientskadeerstatning. Kvinner har fortalt om kraftige menstruasjonsblødingar som varte i fleire månader.

«Plaster på såret»

Ida Austgulen (32) frå Askøy er ei av dei som har fått erstatning, etter kraftige menstruasjonsforstyrringar. Ho fekk dekt 2500 kroner i utgifter til mellom anna legebesøk og tampongar.

– Å bli tilkjend erstatning opplever eg som eit plaster på såret for det som har vore ein fysisk og psykisk tyngande periode for både meg og familien, seier Austgulen, som blei tobarnsmor kort tid før fyrste dose med koronavaksine.

Ho understrekar at det viktigaste for henne var å bli trudd, å få ei stadfesting på at det ho har opplevd er reelt, og at ein eventuelt høg erstatningssum ikkje var motivasjonen hennar for å søkje.

I alt 693 personar søkte om erstatning i 2022 etter å ha teke koronavaksinen. Det er ein auke på 133 prosent frå året før. I høve til kor mange som har teke vaksinen i Noreg, er likevel talet erstatningskrav som følgje av biverknader låge. Dei vanlegaste plagene som har gitt rett til erstatning er betennelse i hjarteposen, hudutslett, blodpropp og menstruasjonsforstyrringar.

«Ventetida kjendest lang»

Margareth Bårtvedt (47) frå Bergen fortel at ho hadde kraftige blødingar i sju månader, og blei til slutt operert på grunn av dette.

  • Det var veldig greit å søkje og eg snakka med saksbehandleren undervegs. Søknadsprosessen gjekk fint, sjølv om det tok lang tid. Det var mykje informasjon som måtte innhentast for å sikre at søknaden blei avgjort på rett grunnlag, fortel Bårtvedt, som fekk dekt det tapet ho hadde; 8000 kroner.

«Ikkje flaut å snakke om!»

Norsk pasientskadeerstatning tilkjende Veronica Nyland (30) frå Drammen 32 000 i erstatning for menstruasjonsforstyrringar. Ho skildrar smertefulle blødingar i 15 månader utan pause, og meiner at det er viktig å vere meir open om slike biverknader. 

– Når det går utover kroppen, så går det òg ut over psyken. Det skal ikkje vere flaut å snakke om menstruasjon; dei fleste kvinner har då det, seier Nyland.

Så langt er Nyland den som har fått høgast erstatning for slike biverknader. Dei andre utbetalingane er på mellom 500 og 8000 kroner, og går mellom anna til å dekkje utgifter til legebesøk, bind og tampongar.

Erstatningskrav nummer 1000

Norsk pasientskadeerstatning har no teke imot erstatningskrav nummer 1000 for biverknader av koronavaksinen. Dei omfattar både menstruasjonsblødingar og mange andre biverknader.  Litt under halvparten av søknadene er så langt behandla.  73 prosent har fått avslag og 27 prosent medhald.

Erstatningssøkjarane får ofte nei fordi dei anten ikkje har hatt økonomiske tap som følgje biverknadene, eller at det viste seg at plagene ikkje skuldast vaksinen, men noko heilt anna.  Utbetalingane varierer frå nokre hundrelappar til over ein million kroner.

Kontakt:

Les meir om: