Klage på tannbehandling eller erstatningskrav?

Klage på tannbehandling kan meldast til dei lokale klagenemndene til Tannlegeforeningen. Erstatningskrav skal meldast til NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 19. februar 2020

Norsk pasientskadeerstatning
NPE vurderer om erstatningssøkjaren har rett til erstatning. Det er ikkje mogleg for oss å sanksjonere overfor helsepersonell.

For at vi skal behandle saka må det vere ein pasientskade. Typiske saker vi behandlar, er saker der det har oppstått komplikasjonar. Eksempel på det kan vere nerveskadar eller infeksjonar. Forseinka diagnose eller forseinka behandling som har gitt skade er andre eksempel. Vi kan òg behandle saker der resultatet er dårlegare enn det som kan ventast innan rimelege grenser. For at pasienten skal få erstatning, må skaden skuldast ei feilbehandling.

Klagenemnder i Tannlegeforeningen
Klagenemndene vurderer "reklamasjon" på den tannhelsetenesta som faktisk er utført. Dei vurderer ikkje krav om erstatning. Myndet til klagenemnda er begrensa til å ta stilling til saker som fullt ut kan løysast ved at

  • klaga blir underkjend, det vil seie at pasienten ikkje får medhald
  • honoraret blir sett ned eller tilbakebetalt, dvs. at pasienten får prisavslag
  • tannlegen blir pålagd, med samtykke frå klagaren, å korrigere arbeidet eller gjere det om

I ein del tilfelle kan saka meldast både til NPE og klagenemnd. Gjeld det berre "reklamasjon" tilrår vi at ein tek saka for ei klagenemnd. Om det er krav ut over det klagenemndene har mynde til å ta stilling til, bør saka meldast til oss.